Articles

Fjell, fred og fridom

08/07/15
Jonas Orset
Fjell, fred og fridom - 1

Eg er på ingen måte nokon nynorsk fanatikar, men når ein fyrst skal draume seg vekk i den norske fjellheimen så vert det liksom litt feil å skrive bokmål som ein eller anna bytufs. Nynorsken har si rettmessige plass i fjellets rike, nett som fjellets rike har si plass i nordmannens hjarte. Ikkje noko er som å vera på fjellet.

Fjell, fred og fridom - 2

Tilflukt frå samfunnets mas og fjas

Det fyrste du legg merke til på fjelltur er den forførande stilla. Kor er bilbråket, mobillydar, skrik og skrål? Stilla kan vere noko uhyggeleg, men óg svært avslappande. Eg er kanskje ikkje ein veldig byglad gut og trives betre i landlege omgjevnader, men eg trur dei fleste vil finne ei god ro til fjells. Den majestetiske sikta med urørt natur så langt auga kan sjå, med snødekka toppar omkransa av skyer som gjer dei til eit vakkert brudeslør. Nedanfor ligg isklare vatn og myrer fulle av bær. Og ikkje levande vesen å sjå. Det er berre å gle seg. Paradiset på jord har du heilt for deg sjøl.

Knapt noko har endra seg dei siste 1000 år. Dei djerve vikingane som våga seg opp i høyda såg det same som du kan nyte. Det er rart å tenkja på.

Alt mas og stress menneska har laga i byen. Men ikkje alt er endra, du kan endå finne stilla. Det gjør godt.

“Skjønnhet er stillhet innerst inne.” – Arne Næss jr.

Robin nyter norsk natur!  - Fjell, fred og fridom
Du finn fort roa i fjellet.

Fridom

Nærmast åleine i høgda slepp du unna alle forventningar og krav. Ingen kan seie kva du skal gjere eller seie. Du kan vere heilt deg sjølv. En fridom som er til å ta og kjenne på. Det er ei underleg kjensle å vere fri. Menneske er ikkje laga for å vera bunde. Fjellheimen er sjelas redning.

“Nu er jeg stålsatt,
jeg føler det bud
der byder i høyden
at vandre!
Mit lavlands liv
har jeg leved ud.
Her oppe på vidden
er frihet og Gud.
Der nede famler de andre.”

– Henrik Ibsen

Fjell, fred og fridom

Kan ein spørre om noko meir?

Ro og fridom er vel og godt, og noko eg til dømes saknar i min travle og hektiske kvardag i Belgia. Å kjenne seg så åleine gjev eit nytt perspektiv på si eiga plass her i verda. Ein kjenner seg så liten og uviktig, på same tida som ein kjenner seg fri. Nærleiken til jorda gjev meg også ei kjensle av å vera nær Gud.

Sjølv om fjellet appelerer stort til meg, trives eg óg godt i samfunnet. Men det er lite som er så flott som å kunne ta seg ein tur vekk fra byen og samle krefter til kropp og sinn før ein vender attende til kvardagens oppgåver.

“Thousands of tired, nerve-shaken, over-civilized people are beginning to find out that going to the mountains is going home; that wildness is a necessity”
― John Muir

Fjell, fred og fridom
Next Post
Previous Post 
linkedin facebook pinterest youtube rss twitter instagram facebook-blank rss-blank linkedin-blank pinterest youtube twitter instagram